I heimesjukepleia i Lom kommune er ingen dagar heilt like. Her møter du menneske i ulike livssituasjonar, byggjer gode relasjonar og bidreg til at innbyggjarane våre kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg. Søknadsfrist: 16.08.2026
Nå har vi ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar, og vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.
Hjå oss blir du del av eit inkluderande fagmiljø med engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av tenestene og er opptekne av å utvikle gode og heilskaplege helse- og omsorgstenester.
Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine
Gi pleie, behandling og oppfølging til brukarar i eigen heim.
Bidra til at brukarane opplever trygge, heilskaplege og gode tenester.
Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre faggrupper.
Dokumentere og planleggje arbeidet i Profil og Mobil Omsorg.
Ta i bruk og bidra til vidare utvikling av velferdsteknologiske løysingar.
Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid og vere med på å utvikle tenesta.
Vi ser etter deg som
Er autorisert helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar.
Er trygg,
fleksibel og tek ansvar.
Likar å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
Er løysingsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag.
Kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer.
Er fagleg engasjert og ynskjer å utvikle både deg sjølv og tenesta.
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjent helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar.
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Førarkort klasse B.
Gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.
Kvifor velje oss?
Hjå oss får du meir enn ein jobb – du blir del av eit fagmiljø der vi tek vare på kvarandre og jobbar saman for å gi innbyggjarane best mogleg tenester.
Vi Tilbyr:
100 % quick stilling med oppstart etter avtale.
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte k
📌 Vil du vere med og gjere ein forskjell – kvar dag?
🏢 Lom kommune
📍 Dag
Reply to this offer
Impress this employer describing Your skills and abilities, fill out the form below and leave Your personal touch in the presentation letter.