Landbrukssjef i 100 % fast stilling (India)

Landbrukssjef i 100 % fast stilling (India)

06 Sep
|
Lom kommune
|
India

06 Sep

Lom kommune

India

Vil du leie og vidareutvikle landbruksforvaltninga i fjell-Noreg? Vi søkjer ein framtidsretta, samlande og fagleg trygg landbrukssjef som vil gjere ein forskjell for landbruket, utmarka og lokalsamfunnet i Lom og Skjåk.

Skjåk kommune har ledig stilling som landbrukssjef frå mars 2027.

Stillinga er for tida ved landbrukskontoret for Lom og Skjåk.

Du får ansvar for fag, drift og utvikling av landbrukskontoret – og du blir ein viktig rådgjevar for administrasjon og politisk nivå i begge kommunane. Du vil arbeide i ei meiningsfull stilling med stor samfunnsverdi, der du vil få gode moglegheiter for fagleg utvikling, stor påverknad og nær kontakt med næringa. Du vil bli ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø i ein region med sterk landbruks- og utmarksprofil.

Som landbrukssjef vil du kunne ha ei fleksibel arbeidstid, og jobbe i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Lom og Skjåk kommunar har etablert felles landbruksteneste der Skjåk kommune er vertskommune.

Landbrukskontoret har i dag 5 tilsette (3,6 årsverk).



Du får personalansvar og rapporterer til kommunalsjef for miljø og samfunnsutvikling

Arbeidsoppgåver

Leie og utvikle landbrukskontoret, med ansvar for fag, medarbeidarar, kvalitet og ressursar.
Saksbehandling, rettleiing og forvaltning etter jordlova, konsesjonslova, skogbrukslova og tilhøyrande forskrifter.
Forvaltning og kontroll av tilskotsordningar (t.d. produksjonstilskot, RMP og SMIL midlar) i tråd med nasjonale føringar og i samspel med statsforvaltaren.
Bidra i plan og bygningssaker og saker om naturmangfald og motorferdsel i utmark.
Rådgjeving i areal og næringsutvikling, og tett dialog med næringa, næringsorganisasjonar og regionale/statlege styresmakter.
Saksbehandling for tildelingar innanfor ansvarsområde for næringsfondet til Skjåk kommune

Tenesta og oppgåvene er i stadig utvikling, og den som blir tilsett må vere førebudd og open for endring i oppgåver og ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

Høgare relevant utdanning, (minst bachelor), f

📌 Landbrukssjef i 100 % fast stilling (India)
🏢 Lom kommune
📍 India

Reply to this offer

Impress this employer describing Your skills and abilities, fill out the form below and leave Your personal touch in the presentation letter.

Subscribe to this job alert:

Get the latest job offers by email for: landbrukssjef i 100 % fast stilling (india) / india