Vil du vere med og byggje opp den nye Økonomitenesta i Ottadalen? Vi søkjer ein engasjert rekneskapsrådgjevar som ønskjer å bidra til utviklinga av ei ny interkommunal økonomiteneste.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å vere med og forme framtidas økonomiteneste i Ottadalen.
Arbeidsstaden kan vere Vågå, Lom eller Skjåk, og det vil vere mogleg å ha arbeidsstad ved fleire av kontora etter avtale. Stillinga er tilsett i Vågå kommune, som er vertskommune for den interkommunale Økonomitenesta i Ottadalen.
Stillinga er organisert under tenesteleiar som har eit overordna ansvar for tenesta.
Om Økonomitenesta i Ottadalen
Økonomitenesta i Ottadalen er eit nyoppretta interkommunalt samarbeid mellom Vågå, Lom og Skjåk kommunar, med Vågå kommune som vertskommune. Vi er i gang med å byggje opp ei felles økonomiteneste som skal levere gode og effektive økonomitenester til alle dei tre kommunane.
Tenesta består av 11,5 årsverk og har eit breitt fagområde. Vi arbeider mellom anna med rekneskap, økonomioppfølging og controlleroppgåver, lønn, fakturering, fakturamottak, innfordring,
rapportering og internkontroll.
Vi er opptekne av å skape ei moderne og robust økonomiteneste med høg kvalitet, gode fagmiljø og effektive arbeidsprosessar.
Arbeidsstad: Vågå, Lom eller Skjåk
Arbeidsgjevar: Vågå kommune
Stillingsstorleik: 100 %
Tilsetjing: Rapid
Arbeidsoppgåver
Som Rekneskapsrådgjevar i Økonomitenesta Vil Du Få Ein Variert Arbeidskvardag Med Oppgåver Innan Rekneskap Og Økonomi. Arbeidsoppgåvene Vil Mellom Anna Vere:
• løpande rekneskapsføring
• avstemming av rekneskap og balansekontoar
• oppfølging og kvalitetssikring av rekneskapsdata
• arbeid med periode- og årsavslutning
• samarbeid med lønnsfunksjonen og oppgåver knytt til lønnsområdet ved behov
• samarbeid med dei andre fagområda i Økonomitenesta
• rettleiing og oppfølging av leiarar og andre tilsette i kommunane
• bidra til gode rutinar, internkontroll og effektiv arbeidsflyt
• digitalisering av arbeidspro
📌 Rekneskapsrådgjevar – Økonomitenesta i Ottadalen (Jhalda)
🏢 Lom kommune
📍 Jhalda
Reply to this offer
Impress this employer describing Your skills and abilities, fill out the form below and leave Your personal touch in the presentation letter.